Debatt Tre kule Quiz Løst gjenfortalt Under beltestedet
KULTURSTOFF
Månedens debutant: Sjå magasin
16.03.2020

Sjå er eit nytt magasin frå det analoge fotokollektivet Mørkerommet. Me tok ein prat med redaktør Vera Lunde og kunstredaktør Tuva Rasmussen Tørresdal.

– Kva er Sjå?

– Sjå er eit foto og kunstmagasin for unge, fyrst og fremst. Også har me overteke, og på ein måte ete opp Månebedotten, som var ei gratis fanzina for analogt foto. Til forskjell frå den, som var meir som eit album, så har me hatt lyst til å utforska i djubda. Me har mellom anna med poesi, intervju og fotoseriar, seier Lunde.

– Også har me ei novella òg, skyt Tørresdal inn, før Lunde held fram.

– Me har hatt lyst å ikkje berre ha fotomateriale, men å kunna dykka ned i eit tema og utforska. Kvar utgåva skal ha ei ny vinkling.

– Månebedotten har fått sin eigen del av magasinet, med sin eigen papirtype som skil det frå resten, seier Tørresdal.

– Kvifor har de valt mat som tema i det fyrste nummeret?

– Det er eit litt undervurdert tema. Det er noko litt traust over det, ein ser kanskje for seg eit bilete av avocadotoast på Instagram. Mat avslører mykje om mennesker og om kulturen me lever i, det er metta med symbolikk. Også er det lett å ta bilete av mat, det er tilgjengeleg, forklarar Lunde.

– Kvifor har de valgt magasinformatet?

– Magasinet som visningsform kjennest verdig for bileta, framfor å berre enda opp på Instagram. Det kjennest naturleg å laga sitt eige magasin. Det passer godt med det analoge, meiner Lunde.

– Det å kunne halda det i handa og kunne føla på det. Det er litt det ein gjorde før med dei analoge bileta, du fekk det som eit fysisk bilete, held Tørresdal fram.

– Me er mange medlemmer i Mørkerommet, så det er ein enorm ressurs. Eg trur det er vanskeleg for mange unge fotografar å få vist fram tinga sine. Mørkerommet skal vera eit springbrett for folk, seier Lunde.

– Det prata me mykje om i starten, at magasinet skal vera ein stad der ein skal kunna eksperimentera, fortel Tørresdal.

– Om ein har eit tema eller ei vinkling så får ein kanskje nye idear til å fotografera. Det trur eg er bra. Det er også veldig spanande med tanke på samarbeidsaspektet, at ein er fleire som arbeider saman, meiner Lunde.

– Kvifor skal folk sjå i Sjå?

– Me vil inspirera unge til å våga å gjera ting sjølv. Det er veldig skummelt å skulla utlevera bileta sine, og å utlevera seg sjølv i dei. Me vil gje den generasjonen me er i eit lite dytt, me vil støtta kvarandre, seier Tørresdal.

– Eit magasin er jo analogt, det er noko som finst i verkelegheita. Det er noko som tek tid og tolmod, det krev mykje fokus og innsats. Det er ikkje noko som berre er hastverk, og det er for lite av det i samfunnet vårt i dag, tykkjer Lunde.

LES OGSÅ: Månedens debutant: Endre Tveit

Neste artikkel
Ski på dansk